Maridalens Venner - landskap i Maridalen
   
Hjem

   
Om Maridalens Venner

   
Bli medlem

   
Kulturlandskap
      
Kulturmark
      
Artslister
      
Kart
      
Gårder
      
Kulturminner
      
Kulturhistorie
      
Naturgrunnlag
      
Forvaltningsplanen
      
Ferdselsveiplan
      
Stedsnavninnsamling
      
Rapporter

   
Kulturarrangementer

   
Maridalsspillet

   
Skjøtsel
      
Slåttemark
      
Beitemark
      
Kulturminner
      
Lærebøker

   
Vandringer

   
Kultur- og naturstier

   
Skar leir

   
Slåttemyra

   
Årbøker

   
Markaloven

   
Jordbrukspolitikk

   
Ord og uttrykk

   
Lenker
Hjem > Kulturlandskap > Slåttemark >  Historisk utvikling fra natureng til fulldyrkede enger (kunsteng)
Fra Norges landbrukshistorie III, 1814–1920. Av Brynjulv Gjerdåker

Historisk utvikling fra natureng til fulldyrkede enger (kunsteng)

Sådskifte i åkeren

Fra Norges landbrukshistorie III, 1814–1920. Av Brynjulv Gjerdåker

Vi ser at åkerbruket varierte mellom bygdelag – frå årviss avl på det same arealet til skiftesyklusar med varierande lengd før trede- eller brakkåret. Kva med dei store åkerbruksbygdene austpå? Her hadde dei drive åkrane hardt. Ubalansen mellom tilgjengeleg gjødsel og åkervidd førte til utpint jordsmonn ved utgangen av kvar skiftesyklus. Tidlegare i hundreåret sådde mange bønder i 10–12 år utan ny gjødsel eller kvile. Av kornslaga var havren minst krevjande. Før det på nytt kom gjødsel i åkeren, var det havresåd og låge folltal som avslutta omløpet. Frå omkring 1820 vart det gamle sådskiftet gradvis endra og styrkt, først og fremst ved at poteter og erter vart integrerte i skiftesyklusen. I 1850-åra såg det tiårige gjennomsnittsomløpet på Hedemarken slik ut: Etter eit hevda brakkår sådde dei rug. Det tredje og fjerde året dyrka dei blandkorn, deretter poteter, bygg, blandkorn, erter, bygg eller blandkorn, og atter blandkorn det tiande året. Ved desse tider var både sterkare gjødsling og ei betre ordna veksling mellom åker og eng på god veg inn i flatlandsjordbruket. I Akershus var kunsteng så utbreidd omkring 1860 at ein kunne sjå timoteienger jamvel på husmannsplassar, melde amtmannen.

Fehald og fôrhausting

'Enga er mor til åkeren' var eit uttrykk jordbrukspatriotane brukte. Det var attlegg til kunsteng og vekstskifte mellom åker og eng dei tala varmt for. For dårleg gjødsling gav utarming av jorda og låg avkasting slik dei praktiserte dei åtte–tiårige sådsyklusane i åkrane på breibygdene. I februksbygdene ville først og fremst fôrproduksjonen kunna aukast om ein heva standarden på innmarka og veksla mellom eng og åker.

Men talen om det nye vekselbruket var lenge ord for døyve øro. Vi har nemnt at avkastinga av det samla åkerbruket auka monaleg i tiåret mellom 1845 og 1855. Det var nettopp frå midten av hundreåret endringar i bruksmåtane fekk større fart. Til dels hadde mange faktorar verka hemmande. Dels hadde dei å gjera med kvaliteten på dei nye engfrøa, dels med arealskipnad og bruksmåtar: Det importerte frøet hadde vist låg spireevne i introduksjonstida tidlegare i hundreåret. I kyst- og fjordjordbruket hadde dei lite å leggja att av dei små åkerareala sine. Teigblandingsskipnaden var eit hinder for større fleksibilitet i åker- og engbruken. Han innebar driftstvang. Ikkje minst var haustbeitinga på innmarka ein hemmingsfaktor for det nye vekselbruket.

Sommarhalvåret var produksjonsperioden for alle husdyra. Då sørgde dyra sjølve for haustinga – på beite. På kysten var klimaet derimot så mildt at dyra var på beite i ein lengre periode; dei fleste stader gjekk småfeet ute heile året. I fjord- og innlandsbygder stod både smått og stort fe inne halve året.

Slåttonn og slåttearbeid

I 1815 var kunstenga avgrensa til proprietær- og embetsgardar. Frametter byrja flatbygdbønder så smått å så timotei, og i 1835 rapporterte departementet at det fanst dyrka england i alle amt.

Men stort sett stelta enga seg sjølv over heile landet enno. Det vesle som kunne kallast eng-'kultur', kom i starten på våronna. Då slo eller knudde dei møkka etter beitinga på hausten, fortel Aksel Helmen frå hadelandsbygdene. Så snart snøen var faren og det var rått på marka, vart rukene smuldra og breidde utover med rive. Deretter raka dei alt fjorgamalt lauv, kvist og anna rask i hop på slåttelandet og brende det. Det var helst kvinner og born som stod for dette arbeidet.

Over heile landet vart fôret gjennomgåande hausta av natureng i innmark, av slåtter i utmark og skog. Slåttonna byrja etter håballen. Mellom bygder og distrikt varierte starttidspunktet med vekstvilkåra. I den andre halvdelen av juli var dei i gang over heile landet. Då hadde karfolket sett over rivene og sett inn nye tindar. Rivene representerte ein reiskapskontinuitet gjennom hundreåra – dei var av same slag som treriver enno i 1950-åra. I tillegg til dei vanlege nytta dei særskilde, kraftige lesseriver i somme bygder.

Ljårne måtte kvessast før onna tok til. Materialbruken og framstillinga av ljår var i endring i åra omkring 1800. Ljår og sigdar med stålsett egg vart introdusert i somme bygdelag austpå og i Trøndelag. Den nye tilverkingsmåten var kvalifisert bygdehandverk. Små lokale produksjonsmiljø voks fram på ulike kantar av sør-Noreg tidleg etter hundreårsskiftet – med særskilt hage og kunnige smedar som dei første entreprenørane. I mjøsdistriktet vart Biri tidleg eit slikt sentrum. Det fanst tilsvarande miljø i Trøndelag. På eit tidleg stadium var det namngjetne ljåsmedar også i Hornindal i Nordfjord, Gjestal i Rogaland og Tinn i Telemark.

Men enno i 1815 mangla dei slipesteinar i mange bygder. Dei slo med tynsleljår. Slike ljår vart smidde så tunne som råd, dei tynnte ljårne. Først vermde dei emnet i avlen til det var høveleg raudt, slik at herdsla gjekk or det. Så banka dei det ut på steet med ein rundpenna hammar. etter tynninga gjaldt om å herdsla og få godt bit. Herdingsgraden var viktig. Ljåen skulle vera gulbrun på farge når han var ferdig. Når egga hadde vorte for tjukk etter fleire rundar med brynet ute i slåttemarka, måtte ljåen i smiavlen og egga hamrast ut på nytt.

Det kontinuerlege vedlikehaldet av tynsleljårne var ein hovudgrunn til at mang ein brukar var sin eigen smed enno i dei første tiåra av 1800-talet. Slipte ljår av grøvre dimensjon vart meir vanlege frametter i Fjell- og Fjord-Noreg. Men i somme bygder nytta dei tynsleljår enno i 1850-åra. Innføringa av slå- og meiemaskiner høyrde den andre halvdelen av 1800-talet til. Først i 1855 kom den første meiemaskina til landet, stasjonert på kongsgården på Bygdøy ved Christiania.

Når slåtten var i gang, hadde morgenstund gull i munn. Medan det var dogg i graset, slo dei to timar fram til dugurds. For dogga letta slåtten mykje, særleg når dei slo finngras i utmarka. Dei var ikkje heilt fastande når dei starta den tidlege økta. I somme bygder kalla dei det første slåttearealet åbitsteigen – etter matbiten, åbiten, som dei byrja dagen med.

Var det fleire som slo, gjekk sjølven først i skårgangen og sette tempoet. Mange stader hadde kvar slåttekar sitt tilmålte stykke – omtala som slåttmæling, dalarsteig, halvdalarsstykke, orteteig – varierande med omfanget. Austpå og i trøndske breibygder hadde husmennene gjerne kontraktfest mælingsslått i høy- og skurdonnene. Elles leigde mange brukarar slåttehjelp på heil- og halvtid. Ein god slåttekar hadde godt slåttelag og tok gode og jamne tak. Nybyrjarar måtte det haldast eit auge med, for dei hadde lett for å ta for mykje føre for kvart ljådrag. I kystbygder var det mange kvinnfolk som slo. Røynde slåttekvinner hadde eit godt lag med ljåen; dei kunne vera like hage som karane. Etter slåttekarane kom breislekvinnene – ei kvinne etter to slåttekarar – med river og breidde til flattørking. Å hesja vart vanleg først etter at dei byrja med kunstengfrå 1860-åra og framover, så det gjaldt å nytta godvêret når det var der om tørrhøyet skulle halda høg kvalitet. Om kvelden raka dei alt høyet saman og sette det i såter til neste dag, då dei rista det opp og breidde det. Seinare skulle det snuast og deretter sætast for enno ei natt. Var tørken god, kunne høyet køyrast i hus neste dag. Til innkøyring nytta dei treskonings høysledar. Dei gled lett fram med mellom steinar, røysar og kjerr, som det var mykje av i slåttemarka.

Slåtten skulle vera ferdig til larsok, den 10. august. Om ikkje kom dei underjordiske og strødde sand i slåtten så ljåen ikkje beit, heitte det frå gamalt i Suldal. Utover sommaren trena graset og vart tungt å slå. Det var denne kjensgjerninga dei gamle sette inn i ein samanheng med underjordiske fantestrekar. Men norma med larsok som sluttdato galdt i beste fall slåtten på heimebøen. Overalt i februksdistrikta dreiv dei markaslått i heile august og gjerne lenger. Somme stader, til dømes i setesdalsbygder, avvikla dei ikkje heieslåtten før det første snøfallet kom. Enno ved midten av 1800-talet, då markaslåtten var nær det maksimale i arbeid og arealbruk, kunne slåttonna vara over tre månader.

I februksbygder hadde dei fleste utløer i marka, somme så mange som 10–15 i alt. Medan markaslåtten stod på langt unna heimetun eller seter, overnatta slåttefolkene i utløene. I utslåtter der det ikkje stod løe, stekte dei høyet. Den oppgåva kravde minst to i samarbeid. Kvinnfolk var jamnast med når dei stekte. Dei fengde tørrhøyet og raka inntil. Høystakken kunne bli to–tre meter høg. Han skulle vera breiare på midten og smalare oppe og nede. Stakktorva var ei vid, seig torv som dei smette ned på stakkstonga så det ikkje skulle renna vatn ned langs henne.

Sokneprest Wilde i Spydeberg i Smålenene graderte markene på prestegarden i fettenger, vollenger og mose- eller myrenger. I tillegg rekna han også med 'vore løvtræer, som afgive et slag eng i luften'. 'Fettengene' låg i gjødselsiget nedunder uthusa. 'Vollengene' låg ugjødsla i innmarka, der det også voks lauvtre.

Natureng og engkultur

I 1850-åra kulminerte seterbruket og den arbeidsintensive haustinga av ulike fôrelement i skog og mark – med andre ord stod det gamle utmarksbruket på si høgd ved den tida. Frametter fekk innmarka større merksemd enn før. Det innebar meir vekt på engkultur framfor vide haustingsareal.

Endringa i høvet mellom kunst- og naturengareala og utviklinga av det integrerte åker- og engbruket er to springande punkt i denne samanhengen.

flatbygdene voks engareala frå 1860-åra, og skiftet mellom åkervekstar og kunsteng var på veg inn i større breidd. I desse bygdelaga var gjødselmangelen framleis minimumsfaktoren. Dei små kunstgjødselmengdene i høve til areala kom berre som tillegg til naturgjødsla i åkrane, og berre små engareal vart overgjødsla. I Kristians amt kom typisk nok auken i attlagde åkerareal på Toten, Hadeland og Land. I dei mange dalbygdene der gjødsel- og beiteressursane var rikelege, heldt dei aller fleste brukarane på det tradisjonelle sådskiftet i gamle åkrar enno omkring 1870. Landet rundt skreid utviklinga av engkulturen sakte framover. I Nedenes amt "vides ingen gjennemgribende Forandring" i bruksmåtane enno i 1880, sjølv om amtmannen hadde fått melding om at gjenbruk av det same åkerarealet år etter år hadde byrja å bli avleggs i setesdalsbygder. Vestafjells var det vekst i engdyrkinga i indre bygder. Det hadde vorte vanleg å så korn i lag med grasfrø i attlegga. Somme hadde også byrja ei sterkare overgjødsling av enga. Men i kystdistrikta var det meste ved det gamle. Gamal åker vart som regel brakklagd og attgrodd med ugras. Nordpå var kunsteng framleis sjeldsynt.

Mot slutten av hundreåret var den sterke innmarksbeitinga vår og haust på veg ut i alle kyst- og fjordstrauk av landet. Stendig fleire gamle åkrar vart tilsådde med timotei og kløver, jamvel om det var eit problem at desse frøemna lenge var lite kuldesterke og hardføre. Ikkje minst tok vekslinga mellom bygg, poteter og kunsteng seg godt opp i fjord- og dalbygder i Trøndelag. Der fekk kulturengareala etter kvart større større rom i innmarka enn i nokon annan region av landet. Hesjing, som hadde vore ein vanleg metode på Vestlandet, vart no naudsynt i større breidd. Frå 1880-åra kom hesjetråden av jarn og erstatta etter kvart dei tradisjonelle strangane av tre. Dermed kunne det nye og tyngre enghøyet bergast meir effektivt og med god kvalitet.

Med grunnlag i matrikkelførearbeida først i 1860-åra og statistikk frå 1915 kan vi danna oss eit omtrentleg bilete av engutviklinga gjennom 50 år: Alt i alt auka kunstengareala med om lag 70 prosent – frå vel 3 millionar til 5,25 millionar mål. Naturenga krympa frå omkring 3,7 millionar til knapt 3,5 millionar mål. Tala er slett ikkje presise. Det er likevel grunnlag for å hevda at det var meir natureng enn kunsteng omkring 1860, og at dei to bytta posisjon i perioden som følgde, truleg omkring 1890. Innmarksenga auka i areal og kvalitet. Tempoet i denne omleggingsprosessen var om lag det same i Danmark og i Noreg, men vesentleg høgre i Sverige enn i grannelanda.

Naturengarealet vart altså ikkje mykje redusert i denne femtiårsperioden; markaslått og haustingsbruk heldt seg framleis i 1915, først og fremst i kyst- og fjelljordbruket. I Nordre Bergenhus vart det enno under den første verdskrigen hausta dobbelt så store fôrmengder frå natureng som frå kunsteng. Men alt i alt vart fôrmengdene frå utmarka gradvis mindre enn haustingsarealet, potensialet, i seg sjølv tyder på. Jordbruksteljinga i 1917 fortel at den samla høyhausten dette året var om lag 1 860 000 tonn. Av denne mengda fall berre 110 000 tonn på utslåtter, 450 000 på natureng og 1 300 000 tonn – eller 70 prosent – på kunsteng. Jamt over vart ikkje utslåtter hausta like sterkt som før, nytten varierte meir over tid – med høve og behov. Innmarksbeitinga vår og haust gjekk ned. Den nære utmarka vart oppvurdert som beitemark og samstundes nedgradert som slåttemark. Frå hundreårsskiftet sette meierietableringane større fart i denne omleggingsprosessen i mange bygdelag der utmarkshaustinga tidlegare var stor.

Bruken av hjelpefôr i fehaldet var på veg ut på flatbygdene alt i 1860-åra. I fjell- og kystbygder heldt dei denne haustinga oppe enno i 1910-åra, jamvel om intensiteten hadde gått gradvis tilbake, slik han også gjorde i grannelandet Sverige. Men om bruken av desse ressursane var på hell i større breidd, svann han ikkje heilt ut før etter den andre verdskrigen.

I tillegg til meir kunsteng kom arealveksten frå hundreårsskiftet i større mon enn tidlegare til å tena fôrplantedyrkinga.

...

Ser vi den siste mannsalderen av 1800-talet under eitt, nådde innsatsen for jordutbetringar større breidd i alle landsdelar. Betre teknologisk kompetanse og materialtilgang gav større og meir varig drensverknad. Gjennom forsøk følgde betre kunnskap om kva for areal som trong grøfting, kvar grøfter skulle leggjast, kor djupe og breie dei burde vera og om fråstandane mellom dei i det aktuelle lendet.

Då nydyrkinga tok seg opp i 1910-åra og mellomkrigstida, var det bureising og utmarksdyrking det stod om. Dei utvida kunstengareala i tida føreåt kom først og fremst ved fulldyrking av tidlegare natureng eller overflatedyrka innmark. Omlegginga til kunsteng og veksling mellom åker og eng kom ujamt og til ulike tider distikta imellom. I mange fjellbygder og – særskilt – langs kysten, kom endringane seint. Tek vi kvaliteten i den samla fôrproduksjonen i landet inn i synsfeltet, var ikkje framgangen i engkulturen stor før i 1890-åra. For jamvel om stendig fleire la større vekt på vekstskifte, var det også ved hundreårsskiftet vanleg å så samfengt frø frå låvegolvet attåt bygg eller havre i attlegga. For 'ugrasapostelen' Korsmo var det nedstemmande oppleving å møta bønder som ikkje visste skilnaden på gras og ugras ennom omkring 1920. Men på den tida var dei som heldt ved lag den gamle bruksmåten, færre. Framgangen i engkulturen harmonerte med at fagutviklingsarbeidet innan jord- og plantekultur voks i omfang og kvalitet frå 1880-åra av – ved planteforskinga på Ås, markforsøka, forsøksstasjonane og framgrunnsfigurane Larsen og Korsmo. Fagskolering og større engasjement for ein betre jordkultur blant yngre brukarar prega det praktiske engkulturarbeidet i stendig større breidd.

Endringar i reiskapsbruken

Ljåen hadde vore heilt ut einerådande i slåttearbeidet. Med atterhald for at bønder byrja å stålsetja ljåegga og dermed opna for sliping med slipestein på 1700-talet, var det denne jordbruksreiskapen som fremst av alle stod for uendra kontinuitet gjennom tusenår. Men i 1860-åra vart den lange tida med ljå som universalmiddel i slottonna broten.

Den første meiemaskina her i landet vart demonstrert i 1855. I første omgang fengde ikkje nyvinninga nokon. Ti år seinare vart ei svenskprodusert slåmaskin presentert på landbruksutstillinga i Kristiania, og snart etter kom gjennombrotet for den nye reiskapen. Dei nye slåttemaskinene var av to hovudslag: Sist i 1860-åra kom den første hesteriva i bruk, eit år eller to seinare slåmaskina. Importen auka snøgt – frå 20 slåmaskiner i 1872 til 200 det neste året. I 1877 vart dei to første norskbygde modellane presenterte. Maskintalet steig til 5693 i 1885, vidare til 49 000 i 1907, før denne mekaniseringa var om lag fullført i 1918. Etter jordbruksteljinga det året var det over 50 000 hesteriver i landet.


Les om:
Sankefôr og markaslått: Fra Ove Arbo Høeg (1898–1993): Planter og tradisjon, 1974

Vinterfôr

Februk og fôrsanking i gammel tid

Jordbrukslandskapets og kulturmarkenes utvikling

Næringsstoffhypotesen (svensk: näringsämneshypotesen)

Historisk utvikling av gamle kulturmarker – med særlig vektlegging på naturbeitemarkene


dot


dot
E-post: maridalensvenner@mobilpost.no Maridalens Venner, Konvallveien 67, 2742 GRUA. Telefon 90 68 41 45
Ansvarlig redaktør: Tor Øystein Olsen. Støtt Maridalens Venners arbeid - kontonr. 0530 58 56349